Vellykka aktivitesdag ved Øystre Slidre Helsetun

1.september vart det arrangert aktivitetsdag ved Øystre Slidre Helsetun. Me ynskjer å sende ut ein stor takk til alle som bidrog med stort og smått, og ikkje minst fantastisk oppmøte.

Uteområdet ved Helsetunet  - Klikk for stort bileteUteområdet ved Helsetunet Øystre Slidre kommune

Dette vart ein dag med supert vær, godt humør og gode samtaler. Programmet bestod av utandørs aktivitet på helsetunets flotte uteområde, kafè med nysteikte kvikako/kvitkako, bingohjulet vart snurra og det heile vart avslutta med kjent og kjær trekkspelmusikk.

Tusen takk! Helsing frå Ingrid Øihaugen og Renate Børven Mikkelsen i fysioterapitjenesten og frisklivssentralen i Øystre Slidre kommune»