Ventar stor trafikk på Valdresflye i påsken

Arbeidet med å frese opp fylkesveg 51 over Valdresflye tek til denne veka. I år blir informasjonen om parkering tydelegare.

Fylkeskommunen vil setje opp fleire nye skilt og ha hyppigare tilsyn med trafikken på høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå.

Innlandet fylkeskommune informerar

Når det er dårleg med snø i lågareliggande strøk, kan vi få stor trafikk av dagsturistar som vil gå ut på skitur frå Valdresflye. Dersom dei ikkje parkerer i tråd med reglane, kan dei hindre trafikken i å kome fram. Det kan vere farleg, derfor vil vi i år setje opp 14 parkeringsskilt og to informasjonsskilt, seier seksjonssjef Arne Fredheim i Innlandet fylkeskommune.

Dei 14 skilta vil vise til lovlege parkeringsplassar. I tillegg vil fylkeskommunen setje opp to informasjonstavler, som minner trafikantane på at det ikkje er lov å parkere langs vegen, der det ikkje er særskilde parkeringsplassar. 

Om alt går etter planen, og veret blir bra, blir vegen klar til opning før påske. I år vil fylkeskommunen sin entreprenør følgje ekstra godt med på trafikken og parkeringa. 

Fylkesveg 51 blir som vanleg open mellom klokka 08 og 20 alle dagane i veka den fyrste tida etter opning. Inntil vidare blir vegen nattestengd. 

Heile artikkelen kan du lese her på Innlandet fylkeskommune si nettside