Vil du heidre ein Øystreslidring? - Øystre Slidre kommune

Vil du heidre ein Øystreslidring?

Øystre Slidre kommune ynskjer å heidre personar, lag eller organisasjonar som gjer ein særleg innsats for lokalsamfunnet vårt. Det kan vere nokon som, gjennom engasjement, skaparglede og frivillig arbeid, bidreg til fellesskap, trivsel og utvikling innan kultur-, nærings- eller samfunnsliv i kommunen.

I Øystre Slidre blir det lagt ned ein stor og viktig innsats – ofte på dugnad og av rein vilje til å gjere noko godt for andre. Kommunen set stor pris på alt arbeidet som blir gjort, og ynskjer gjennom prisordninga å vise takksemd og anerkjenning til dei som gjer ein ekstra innsats for fellesskapet vårt - og til å stimulere til vidare innsats og utvikling. 
Kvart år kan det delast ut følgjande prisar:

  • Frivilligprisen
  • Kulturprisen
  • Ungdomsprisen
  • Næringsprisen

Kven vil du heidre?

No kan du koma med forslag til kven som bør få pris.
Send grunngjeve forslag på kandidatar til post@oystre-slidre.kommune.no innan 31.mai. 
 

Alle innspel er viktige – hjelp oss å løfte fram dei som bidreg til å gjere Øystre Slidre til ein god kommune å bu i.