Viser av eldre årgang

Leif Inge Thormodsæter kjem til sjukeheimen den 7.mars med "Viser av eldre årgang". Dette er ein musikalsk reise gjennom viseskattar frå Innlandet. Leif Inge har reist rundt i mange år og har ein god formidlingsevne til denne målgruppa. Musikk har stor betydning for livsglede og slike konsertar skapar eit hyggeleg møte og formidlar sangar dei eldre kjenner seg att i. Konserten er open for alle. Arr: Øystre Slidre kommune og Den Kulturelle Spaserstokk.