Ytterlegare to personar påvist smitta av Covid -19 i Øystre Slidre

Kommunelege Arild Jacobsen informerte tysdag 30. mars om at to nye personar er påvist smitta i samband med koronautbrotet i Øystre Slidre. Til saman er no åtte personar stadfesta smitta i dette utbrotet.

Den eine av dei smitta er eit barn i Beito barnehage. Barnet er nærkontakt til ein av dei seks personane som frå før var påvist smitta. Den andre som testa positivt er ein av dei 29 personane som vart sett i karantene fredag 26. mars.

Kommunen har no fått svar på alle 78 testane som vart utført måndag med bakgrunn i dette smitteutbrotet. 76 av prøvene var negative.

Sidan eitt barn i barnehagen no har testa positivt, er alle barna og dei tilsette i barnehagen no i 10 dagars smittekarantene frå fredag 26.mars. Alle foreldre/hustandsmedlemmer og andre nærkontakter er sett i ventekarantene. Les meir om reglane for isolasjon, smittekarantene og ventekarantene her.

Smittesporingsteamet vil i løpet av ettermiddagen ringe alle føresette og tilsette i barnehagen for å få tak i nærkontaktene og nær-nærkontaktane til barna og dei tilsette.