Oransje farevarsel for vind søndag 29. juni

Det er sendt ut oransje farevarsel for vindkast (over 20 m/s frå nordvest) i Øystre Slidre og andre kommunar i Innlandet søndag 29. juni. 

Rådet er: “Sikre løse gjenstander: Vurder tiltak for å begrense skade før hendelsen inntreffer. Unngå ferdsel på utsatte steder. Hindringer i trafikken: Beregn ekstra tid til transport og kjøring, og vurder om reisen er nødvendig. Følg råd og sjekk status fra transportaktører. Sjekk veimeldinger på vegvesen.no/trafikk.”

Følg med på varsom.no.
(meldinga oppdater fredag 27. juni kl 1920)

Detaljregulering for Lien Gard - offentleg høyring/ettersyn

Detaljregulering for Lien Gard er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Merknadsfrist er 18.august.

Planområdet

Planområdet ligg sørvest for Beitovegen, og er eit område på omlag 100 daa sør for fylkesvegen. Forslaget omfattar heile området som er regulert, og delar av Fritids- og turistformål sett av i kommunedelplan for Beitostølsområdet og i forslag til ny arealdel i kommuneplanen (KPA).

Biletet viser området for detaljregulering for Lien Gard - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Føremål med planen

Formålet med planen er å leggja til rette for aktivitetsbaserte reiselivsnæringar ved Lien gard i Beito.
Planen regulerer avkøyring frå Beitovegen og følgjer eksisterande tilkomstveg ned til aktivitetsområdet. Planområdet er redusert, kor dyrka mark er teken ut av planen i nordaust. Planområdet omfattar også tilpassa vegtilkomst frå Beitovegen ned til arealbruksformåla. Planområdet er redusert samanlikna med igangsett planarbeid i november 2022, der og holmane i sør ut i Øyangen då var teke med i reguleringa. Planen legg til rette for Fritids- og turistformål (FTU) i 5 ulike felt som grensar til kvarandre.
 

Juridisk bindande dokument

Dei juridisk bindande dokumentane er plankart og føresegn.

Andre relevante dokument

Planomtale finn du her (PDF, 8 MB)

Politisk vedtak finn du her (PDF, 208 kB)

ROS-analyse finn du her (PDF, 717 kB)

Vegplan finn du her (PDF, 521 kB)

Alle journalførte dokument i saka finn du her

Planprosess

Oppstartsvarsel og fyrste behandling i formannskapet er gjennomført. Planforslaget er no lagt ut til offentleg høyring/ettersyn. Det fylgjer:

1.Vurdering av merknader og eventuell justering av lanforslaget. Sak til formannskapet.

2.Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny handsaming i formannskapet, dersom justering av planforslaget er påkrevd.

3.Vedtak av plan i kommunestyret.

4.Kunngjering av plan og klageadgang.

5.Eventuell handsaming av klage i formannskapet og eventuelt hjå statsforvaltaren.

Merknadar

Du kan sende inn merknader merka med namn til planen og planID 202203 til kommunen innan 18. august 2025. Merknader kan sendast i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no eller i brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.

Generelle opplysningar

Innkomne merknader er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget. Alle merknader blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarar difor ikkje på merknader enkeltvis.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål kan du ta kontakt med sakshandsamar Tom Salamonsen, e-post tosa@oystre-slidre.kommune.no