Høyring av endringsforslag til kommuneplanens arealdel etter 2.gongs høyring

Bakgrunn
I samband med 2. gongs høyring fekk vi motsegn til planen frå Statsforvaltaren Innlandet og Mattilsynet. For å løyse motsegnene har administrasjonen vore i dialog med både Statsforvaltar og Mattilsynet for å forsøke å finne akseptable løysingar. Administrasjonen har vurdert at dei føreslåtte endringane for å løyse motsegnene bør høyrast. Denne tematiske høyringa er avgrensa til endringane som følgje av motsegnene. Ev. andre innspel vil ikkje bli vurdert i denne høyringa. 

Dette dokument (PDF, 951 kB) inneheld dei endringane som er foreslått for å løyse motsegner frå Statsforvaltaren Innlandet og frå Mattilsynet.


Høyring
Endringsforslaga vert lagt ut til offentleg høyring og ettersyn. 

Innspel til høyringa kan sendast i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no, eller i ordinær post til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes. Høyringsfrist er utsett til 20. september 2025.

Spørsmål kan sendast på e-post til arealplanleggjar: martin.lie.sjursen@oystre-slidre.kommune.no 

Kontaktinfo

Martin Lie Sjursen
Arealplanleggar
E-post
Telefon 90 54 93 77