Høyring - revidering av sti- og løypeplan for Øystre Slidre kommune

Gjeldande sti- og løypeplan for Øystre Slidre kommune skal reviderast, og det vert i den samanheng opna for å sende inn høyringsinnspel. Frist for innspel er sett til 01.juni 2026.

Bakgrunn

Kommunestyret vedtok den fyrste sti- og løypeplanen for Øystre Slidre kommune i 2012. Planen vart revidert og vedteken på nytt i 2022. Sidan den gong har det skjedd fleire endringar i bruk, behov og rammevilkår, og det er no nødvendig med ei ny revisjon. Målet er å sikre at planen er oppdatert, i samsvar med dagens situasjon og framtidige behov, og at nye tiltak kan vurderast på ein heilskapleg måte.

Planen har status som temaplan og er difor ikkje juridisk bindande når det gjeld arealdisponering eller økonomiske prioriteringar. Ho fungerer likevel som eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommuneplanen sin arealdel og skal vere retningsgivande for kommunal saksbehandling innan arealplanlegging. Temaplanen tar føre for seg alle kategoriar stiar og løyper i Øystre Slidre kommune. Vidare skildrar planen kommunen sine mål og ønskte utviklingsretningar for forvaltning og vidareutvikling av ferdselsårer.

Saksopplysningar

Målet med revisjonen er å utarbeide ein meir oversiktleg og lett tilgjengeleg plan som kan brukast aktivt både i kommunal planlegging og sakshandsaming, og av andre aktørar som arbeider med stiar og løyper. Ein ny handlingsplan skal utarbeidast. For å sikre gjennomføring og oppfølging av desse tiltaka, vil det bli oppretta ei eiga utvalsgruppe som får ansvar for å følgje opp arbeidet gjennom planperioden. Det vil kome meir informasjon om dette etter kvart.

Det er viktig å merke seg at det enno ikkje er utarbeidd eit eige høyringsutkast. Arbeidet tek utgangspunkt i ein enkel revisjon av gjeldande sti- og løypeplan for perioden 2022–2026, og høyringsinnspela vil vere sentrale for å forme det endelege forslaget til ny plan. Høyringsutkastet vil difor bli utarbeidd etter at denne innspelsrunda er gjennomført.
Innspelsrunda er no open, og vi oppmodar alle interesserte til å bidra med innspel som

Gjeldande sti- og løypeplan

Her kan du lese gjeldande sti- og løypeplan for 2022-2026

Innspel

Innspelsrunda er no open, og vi oppmodar alle interesserte til å bidra med innspel som kan styrkje og vidareutvikle planen. Dette kan vere til dømes forslag til nye tiltak, endring av trasear, nye trasear, rasteplassar med meir.
Høyringsfristen er sett til 1. juni 2026, og alle innspel som kjem inn innan denne datoen vil bli tekne med i det vidare arbeidet.

Innspel kan sendast til kommunen, i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no eller per brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.
 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med utmarksforvaltar Nina Svensrud, e-post: nina.karoline.svensrud@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Nina Karoline Svensrud
Rådgjevar landbruk og utmark
E-post
Telefon 47 68 34 26