Kommunen har motteke tilskot frå Natursats til å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald, og til å gjennomføre naturkartlegging sommaren 2025. Med grunnlag i denne kartlegginga, annan tilgjengeleg kunnskap og ein medverknadsverkstad er det no utarbeidd eit utkast til plan og tilhøyrande handlingsplan.
Hovudmålet med ein kommunedelplan for naturmangfald er å gi ein heilskapleg oversikt over lokalt naturmangfald, prioritert arealbruk og tiltak, i tillegg til å integrere miljøomsyn i arealplanlegginga og den kommunale forvaltninga elles. Planen skal vere eit viktig grunnlag for avgjersler i forvaltninga, og sikre føreseieleg sakshandsaming.
Det er òg utarbeidd eit framlegg til ein tilhøyrande handlingsplan. Handlingsplanen skal synleggjere korleis dei ulike strategiane for å ta vare på og fremje naturmangfaldet skal følgjast opp. Kommunen ønskjer særleg å motta fleire konkrete innspel til relevante tiltak, prosjekt eller liknande. Handlingsplanen vil difor bli ferdigstilt etter at høyringsperioden er avslutta.
Dokumenta i saken
Høyringsutkast av kommunedelplan for naturmangfald finn du her (PDF, 6 MB)
Høyringsutkast av handlingsplan for kommunedelplan for naturmangfald finn du her (PDF, 60 kB)
Har du innspel?
Innspel kan sendast til kommunen, merka med «Innspel til Kommunedelplan for naturmangfald» på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller i brev til Øystre Slidre kommune: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.
Høyringsfristen er sett til 5. mai 2026.
Har du spørsmål?
Spørsmå kan rettast til sakshandsamar Nina Karoline Svensrud, e-post: nina.karoline.svensrud@oystre-slidre.kommune.no