Revisjon av lokal forskrift om tilgjenge til jakt etter elg, hjort og rådyr i Øystre Slide kommune - off. høyring

Bakgrunn for høyringa: Den 01.juli 2026 vil viltressursloven (lov 20. juni 2025 nr 102 om jakt, fangst og felling av vilt mv.) tre i kraft. Frå same tidspunkt vil dagens viltlov (lov 29. mai 1981 nr 38 om jakt og fangst av vilt) bli oppheva.

Viltressursloven vidarefører kravet i viltloven om at kommunen må fastsetje forskrift for å opne for jakt på elg, hjort og rådyr, og for fastsetjing av minsteareal (viltressursloven § 42). Øystre Slidre kommune har lokal forskrift som opne for jakt på hjortevilt og som fastsett minsteareal. Desse vil bli vidareført. Satsane for fellingsavgift har i hovudsak blitt fastsett av kommunen innanfor ramma fastsett av kongen jf. viltloven § 40.  

Når viltressursloven trer i kraft 1. juli 2026, blir det innført eit nytt krav om at kommunar som ønskjer å fastsetje og krevje inn fellingsavgift for kvart dyr som blir felt av elg og hjort, må gjere dette gjennom forskrift, jf. viltressursloven § 9 fjerde ledd. Fellingsavgiftene skal fastsetjast innanfor dei rammene som er vedtekne av Stortinget

Forslag til revidert forskrift

Forslag til revidert forskrift kan du lese her (PDF, 193 kB)

Kva er nytt?

Følgjande er lagt til i forskrifta som no vert lagt ut på høyring: 

 «Kapittel 3. 

 Fellingsavgift for elg 
Fellingsavgifta skal fastsetjast til maksimal sats i samsvar med statlege føresegner. Satsane skal til ei kvar tid vere i tråd med dei rammene som er vedtekne av Stortinget gjennom årlege budsjettvedtak. 

Fellingsavgift for hjort 
Fellingsavgifta skal fastsetjast til maksimal sats i samsvar med statlege føresegner. Satsane skal til ei kvar tid vere i tråd med dei rammene som er vedtekne av Stortinget gjennom årlege budsjettvedtak.»  

Har du innspel?

Innspel til forslaget kan sendast til kommunen, merka med «innspel til revisjon av lokal forskrift om tilgjenge til jakt» på epost, post@oystre-slidre.kommune.no eller i brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.  

Høyringsfristen er 16. desember 2025.  

Har du spørsmål? 

Spørsmål kan rettast til sakshandsamar Nina Karoline Svensrud: nina.karoline.svensrud@oystre-slidre.kommune.no