Mobilnettet er nede

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det har oppstått dekningsbortfall i mobilnettet i Innlandet, i området rundt Beitostølen. Det er anteke at årsaka er fiberbrot.  Telenor melder om sterk redusert til ingen dekning rundt Fagernes, Beitostølen, Hovda fjellhotell, Nythun høyfjellstue, Vangsmjøsa og Tyin-fjorden. I tillegg har ca. 2 500 av Telenors breibandskundar mellom Søndre Land og Vang mista forbindelsen. Ice og Telia har utfall og forstyrrelser i mobilnettet i same område. 

Frå nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det kl 2034 meldt at ein reknar med at dekning bør vere tilbake innan midnatt.

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen er i gang med å teste trygghetsalarmar, og vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Meldinga er publsert 19. april kl 2025, og vil bli oppdatert (sist oppdatert kl. 2055).

Borgarleg vigsel

Beskriving

Kommunen tek over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Ordførar og varaordførar er mellom dei som har mynde til å vigsle eit brurepar. Men kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde i kommunen.

Kriterium

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Pris

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje er busett i Øystre Slidre kommune, kan det medføre kostnader å få gjennomført vigsel. Kommunen kan ta betalt for påreknelege meirkostnadar. Ta ev. kontakt for meir opplysningar.


Prisliste kommunal vigsel

Handsaming

Fyll inn skjemaet "bestill borgarleg vigsel", saksbehandlar tek kontakt innan ei veke etter at vi har motteke kontaktskjemaet. De må sjølv kontakte Skatteetaten for å ordne med alle nødvendige papir.

Rettleiing

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søke om prøving av ekteskap digitalt.

Det betyr at de loggar dykk inn på  skatteetaten.no og oppgir ein del opplysningar. Behandlingstida kan vere inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging, så ver ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. En prøvingsattest er kun gyldig i fire månader, fordi opplysningane må vere ferske.

Begge kommande ektefeller må fylle ut kvar si egenerklæring, og forloverne fyller ut forlovererklæring. Nokon må fylle ut litt meir: Har du t.d. vore gift før, vil det i nokon tilfelle vere behov for å legge ved ei erklæring om skifte. Ønsker du å endre navn, må du fylle ut ei melding om endring av navn. Alt kan fyllast ut via Skatteetaten sine nettsider.

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  4. Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Detaljert informasjon finn du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med kommunen. Gyldig prøvingsattest skal sendast kommunen seinast 2 veker før vigselen.

De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Oppdatert

04.10.2017 12:04:21

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76