Frisklivssentralen i Øystre Slidre

Ønskjer du rettleiing, motivasjon og støtte mot eit mål om ein sunnare livsstil?

Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ønskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald, søvn og/eller tobakk. Ein treng ikkje ha ein diagnose elle vere sjuk for å vera deltakar ved friskliv.

Kva er ein frisklivssentral?

Frisklivssentralen er ei kommunal helseframmande og førebyggjande helseteneste, som gir tilbod om hjelp til meistring av eigen helse gjennom individuelle samtalar, kurs og grupper knytt til tema som: fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og søvn.

Målgruppa er personar som har behov for støtte til å endre levevanar på grunn av auka risiko for sjukdom, eller som allereie har utvikla sjukdom.

Frisklivssentralen skal i tillegg fungere som eit kommunalt kompetansesenter og ein ressurs og kontaktpunkt for andre helsefremjande tilbod i kommunen.

Kven kan delta?

Alle som bur i Øystre Slidre kommune kan ta i bruk frisklivssentralen sine tilbod. Dette er eit lågterskeltilbod som passar alle som ønskjer ei endring og treng rettleiing uansett fysisk form eller føresetnad.

Kvar gjer eg for å bli med? Kvar er det?

Ta gjerne kontakt med oss på eige initiativ. Det er og mogleg at lege, anna helsepersonell eller NAV kan henvise deltakarar/deg til frisklivssentralen gjennom frisklivsresepten. Når du har fått resept tek du sjølv kontakt med oss på Friskliv.

Sjølve frisklivssentralen med treningsrom på Heggenes held til vegg i vegg med Øystre Slidre Fysioterapi. Inngang frå nedsida av bygget med nykelkort. Treningsrommet inneheld variert utstyr for trening av styrke og kondisjon, eit musikkanlegg og nyttig informasjon.

Frisklivskoordinator har kontor saman med ergoterapeut inne på Helsetunet, lokalisert til høgre frå hovudinngangen forbi kantina og Helsetunet sitt treningsrom. Helsetunet sine lokalar blir brukt til helsesamtalar.

Frisklivsresepten

Frisklivsresepten varar i 12 veker, og startar og avsluttar med ei strukturert samtale, der vi ser på moglegheiter, behov og mål for perioden/vidare. 

Frisklivssamtalen er individuell og byggjer på prinsipp for motiverande samtale, ein metode som er dokumentert å vere effektiv for endring av vanar.

Deltakarar i friskliv vår tilbod om individuelle samtaler etter behov knytt til ønskja endringsområde/ tema (Kosthald, Røyk/snus slutt, søvn, fysisk aktivitet). Deltakarar kan ta i bruk helsedirektoratets sjølvhjelpsbøker etter behov og/eller i dialog med rettleiar. (Aktivitetsdagbok, matdagbok, søvndagbok, slutta boka). 

Treningstilbodet ved Friskliv er moglegheit for testing og retesting av fysisk form, individuell rettleia trening i treningsrom, eigenaktivitet, samt moglegheit for å delta i ulike treningsgrupper

Tilbodet erstattar ikkje diagnosespesifikk behandling hos til dømes fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog eller spesialisthelsetenesta.
 

Andre/supplerande tilbod

Friskliv har fleire aktive treningsgrupper og planer om å utvide tilbodet for å treffe endå fleire framover. Sjå eigen timeplan med (med timebeskriving).  I tillegg til moglegheiter for eigentrening i treningsrom og aktivitetskontaktar.

Timeplan med timebeskriving finn du her (PDF, 176 kB)

Det er per no ikkje satt opp nokon gruppebaserte lærings- og meistringskurs (Bra Mat, Sov Godt, Snus og røykeslutt). Denne typen kurs blir styrt av etterspurnad.

Treningstilbod

 


 

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller avtale om helsesamtale/oppstart.

Frisklivskoordinator:

Maren Rakstad Gunderhuset, telefon: 469 41 295, e-post: maren.rakstad.gunderhuset@oystre-slidre.kommune.no

Velkomen!

Følg oss på Facebook

Kontaktinfo

Maren Rakstad Gunderhuset
Frisklivskoordinator/fysioterapeut
E-post
Telefon 46 94 12 95
Marie Bjørneseth Storrusten
Fysioterapeut
E-post
Mobil 93 23 08 95

Avdelingsleiar, eldre, korttidsavdeling og kvardagsrehabilitering.

Åpningstider

Måndag-torsdag 08:00 - 15.45.

Adresse

Helsetunet
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes

Kartpunkt