Frisklivssentralen i Øystre SlidreFrisklivssentralen er eit kommunalt kompetansesenter for rettleiing og oppfølging innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Frisklivsentralen er mellomleddet mellom lege og aktivitet. Sentralen kan i tillegg fungere som ein ressurs og eit kontaktpunkt for andre helsefremmande tiltak i kommunen. Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ynskjer å endre levevanar innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk, gjennom individuelle samtaler, oppfølging av eigenaktivitet eller deltaking i gruppebaserte tilbod. Ein treng ikkje ha ei diagnose eller vere sjuk for å delta på ein frisklivssentral. Legen, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar til frisklivssentralen gjennom frisklivsresepten, eller du kan kontakte sentralen på eige initiativ. Gruppetrening 2022 Gruppetrening 2022 (PDF, 191 kB) Frivillige lag Oversikt over frivillige lag pr. 01.01.2022 (PDF, 57 kB) Velkomen! Sist endra 15.02.2022 14.41