Øvre Valdres kommunepsykologKommunepsykologtenesta er eit lavterskel behandlings- og oppfølgingstilbod.Tilbodet er retta spesielt mot ungdom og unge vaksne i alderen 13 – 25 år med milde til moderate rus og psykiske helseproblem og deira familiar. Barn og unge i lågare alder som har vore utsett for vald og overgrep/traumar og/eller med behov for oppfølging for betre gjennomføring av skule og opplæring er også hovudprioritet.Du treng ikkje henvisning for å ta kontakt. Tenesta er gratis. Inntak skjer i samarbeid med kommunen sin psykiske helseteneste.Psykologtenesta har og ansvar for system- og samfunnsretta arbeid, helsefremjande og førebyggande arbeid og rettleiing/fagstøtte til personell/tenester i Vang kommune, Vestre Slidre kommune og Øystre Slidre kommune. Sist endra 26.04.2021 11.12