Kulturminner i Øystre SlidreRiksantikvaren har ei nettadresse der ein kan søke opp kulturminne. https://kulturminnesok.no/. For ei liste over kulturminne i Øystre Slidre, kan du skrive "Øystre Slidre" i søkefeltet. Her finn du informasjon om kvart einskild kulturminne. Kulturminner i Øystre Slidre Gravhaugar Det er registrert 33 gravminne og ved Skattebu i Rogne og på Idstad i Volbu kan ein sjå fleire større gravhaugar. Dei har ikkje vore opna, så kva som skjuler seg under jordoverflata, er det ingen som veit. Sinderhaugar Vi finn mange synlege minne etter framstillinga av jern, noko som heldt fram til byrjinga av 1800-talet. Riksantikvaren har registrert heile 47 av desse jernanlegga, mange av dei i fjellet. For utan å produsere til eige bruk, vart det ei periode også selt jern til utlandet, mellom anna til England. Jernet framstilte dei av myrmalm, som det var mykje av i myrene i fjellet, 20-50 cm. under overflata. Malmen vart grave opp av myra og turka før han vart varma opp over trekol i serskild mura omnar. Slagget (avfallet) vart tappa ut gjennom ein avløpskanal frå omnen og jernet vart liggjande att som ein glødande klump og teke opp med ei tang. Det vart mykje avfall etter denne produksjonen og desse haugane blir kalla sinderhaugar. Trekolgroper Trekolet som vart nytta til jernutvinninga, vart brent i store, runde hol. Slike hol finn vi mange av og 34 av dei er registrerte, mellom anna fleire i Beitostølen-området. Ofte ligg det to ved sidan av kvarandre. Desse hola ligg og i nærleiken av sinderhaugane, der jernet vart framstilt. Tjørebrenning Frå gamalt av veks det furuskog i fjella i Øystre Slidre. Det var stuvane og røtene av denne skogen som var grunnlaget for tradisjonen med tjørebrenning. Tjøra vart nytta til å impregnere hus og båtar. Dyregraver Dyregravene var store hol, gjerne med ledegjerde av stein som leda dyra mot holet. Etter at det vart forbod mot å nytte fangstgraver til jakt, vart mange av gravene fylt att med stein og er derfor vanskeleg å oppdage. Vest for Rjupetjednet, frå Hølmen til Gravolstjednet, er det funne heile 12 fangstgraver langsmed sandhaugane. I Velundskaret opp i Bitihorn ligg det fire fangsgraver for villrein og ein for jerv. Det største fangsanlegget med dyregraver og ledergjerde finn vi aust for Gravskaret ved Gråhø nord for Vinstervatn. Bøgahi Bøgahia var skjul for villreinjegarar med pil og boge. Når reinen trekte fram eller vart jaga mot toppen stod dei i skjul bak store steinar og kunne skyte reinen utan å bli oppdaga. Gode døme på bøgahi finn vi mellom anna på ryggen av Stor Nuten. Sist endra28.11.2017 21.14