Lokal fritidskasse Øystre Slidre kommune

Ordninga lokal fritidskasse kan bidra til å dekke kostnadar til faste organiserte fritidsaktivitetar for born og unge i skulealder (6-16 år) med bustadadresse i Øystre Slidre, som står i fare for utanforskap på ulike fritidsarenaer på grunn av økonomi. Ordninga er organisert i samarbeid mellom Øystre Slidre kommune og lag og organisasjonar som tilbyr aktivitet for born og unge. Ordninga er basert på  tilskot til inkludering av born og unge i fritidsaktivitetar frå Bufdir.  

Lokal fritidskasse kan dekke

  • deltakaravgift / medlemskontingent / treningsavgift i organiserte fritidsaktivitetar
  • deltakaravgift til cup / leir
  • reiseutgifter til eller frå organiserte fritidsaktivitetar / cupar / leir
  • kostnadar til utstyr og evt. andre utgifter som er påkravde for å kunne ta del i faste organiserte aktivitetar

Det er vilkår om at utgiftene skal vere knytt til bruk i faste organiserte fritidsaktivitetar i regi av lag og foreiningar. 

Ordninga dekkjer ikkje innkjøp av kostbart utstyr tiltenkt bruk i privat regi. Her oppmodar kommunen laga om å bruke eigne utlånsordningar for utstyr, eller å nytte seg av Utstyrssentralen i kommunen.  

Kven kan søkje?

Lag og foreiningar som er registrerte i Øystre Slidre kommune og som har ei formell rolle ovanfor målgruppa, kan søkje om midlar frå lokal fritidskasse. Det er laget eller foreininga som søkjer om midlar for å dekkje sine utgifter, ikkje brukaren. 

Søknadskriterie

Ordninga stiller ikkje krav til dokumentasjon av privatøkonomi. For å kunne få innvilga støtte, må søkjar bekrefte at behovet for stønad er reelt. Vurderinga av behovet er basert på dialog og tillit mellom ansvarlege vaksenpersonar i laget og den aktuelle brukaren/målgruppa.  

Søkjar skal ha gode rutinar for å ivareta personvernet til born og unge som tek del i tiltaket, og for å følgje opp uynskte hendingar. 

Organisering

  • Tilskot kan søkjast fortløpande i elektronisk søknadsskjema på kommunen si heimeside.
  • Fritidskassen har avgrensa midlar. Tildelingar vert gjort ut frå ei skjønnsmessig vurdering.
  • Tilskot vert overført til søkjarens lag og foreining som får dekka sine utgifter til medlemskontingent, utstyr, treningsleir osb. Midlane skal ikkje betalast ut til brukaren/målgruppa.

Tidsavgrensing

Tilskotsordninga er basert på tilskotsmidlar frå Bufdir til inkluderande oppvekstmiljø for born og unge, samt ein kommunal eigenandel. Øystre Slidre kommune har motteke tilskot for 2023, og vil, med førehald om bevilling i Stortinget også få midlar i 2024 og 2025. Tildelingane vert gjort fortløpande, så lenge det er tilgjengelege midlar.  

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40