Opptenning av eld utandørs

Beskriving

I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. 

I denne perioda er det tørt, og auka fare for skog- og lyngbrann. I forbodsperioden er det forbod å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og annen utmark.

Øystre Slidre har ei lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, sjå lenke.

Du kan altså brenne turt hageavfall utanfor tettbygd strøk eller tenne St. Hansbål utan å innhente løyve, så sant dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skogmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon. Det er viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på aktsemdplikta kan føre til både straffe- og erstatningsansvar. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje at du sløkkjer open eld dersom det er openberr brannfare.

Dersom du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skogmark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar. Vedkommande skal utarbeide planar for brenninga og skal sjå til at brenninga gjennomførast på ein forsvarleg måte. Send melding til brannvesenet i god før brenninga gjennomførast. Brannvesenet avgjer om det ønskjer å sjå planane. Dette vil først og fremst vere aktuelt i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skogmark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.

 

Meir informasjon om bålbrenning og brannforebygging finn her 

Kontaktinfo

Knut Erik Ringen
E-post
Mobil 91 91 53 73
Vidar Nilsen
E-post
Mobil 90 17 65 84