Viltforvaltning

I Noreg er alt vilt freda, med mindre anna fyljer av viltloven. Det er difor berre nokon arter det er lov å jakte på. Alle dei jaktbare artene har jakttider, som er regulert gjennom ein eigen forskrift.

Storvilt og småvilt

Alle viltarter som ikkje er storvilt blir regna som småvilt, til dømes hare, rev og rype. Det er ikkje nødvendig å ha fellingsløyve når det gjeld småvilt (unntatt bever), men husk at det berre er eit fåtal av småviltartane det er lov å jakte på – og at det for alle jaktbare arter er det fastsett jakttider. Storvilt (elg, hjort, rådyr og villrein) krev eit eige fellingsløyve som spesifiserer kva dyr du kan skyte i et gitt område. Les meir på Miljødirektoratets nettsider og Hjorteviltportalen.

Vald og jaktfelt

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet til grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området som jakta skal gå føre seg) godkjennast. Valdet skal være samanhengande, og ha en avgrensing og form som gjør det egna til jakt. Eit vald kan bestå av ein eller fleire eigedomar.

I Øystre Slidre har vi eit storvald med bestandsplan for elg og hjort som dekker heile kommunen. Storvaldet er delt inn i fleire jaktfelt. Informasjon om tildelte og felte dyr finn du på hjorteviltregisteret .

Minsteareal for elg, hjort og rådyr

Viltarter har ulike krav til areal. Kommunen fastset minsteareal for kvar art. Dette seier noko om kva som er regna som overskotsproduksjon og som kan takast ut i en stabil bestand. Dersom minstearealet er 3000 daa betyr det at et vald skal kunne hauste eit dyr per 3000 daa kvart år ved en stabil bestand.

Minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyver er som vist i tabellen:

MInsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyver
Dyr Areal aust for grensa til statsallmenningen Resten av kommunen
Elg 6 000 daa 4 000 daa
Hjort 30 000 daa 10 000 daa
Rådyr 3 000 daa 1 500 daa

Eit vald må minimum være like stort som minstearealet for å kunne godkjennast. For å kunne få bestandsplan for ein av artane må valdet være minimum 20 ganger minstearealet.

Kontaktinfo

Tale Nedberg
Utmarksforvaltar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 94 86 38 11