Husdyrgjødsel

Nye krav til gjødselplan og gjødseljournal frå 2026. Frå 01.01.2026 gjeld nye krav til gjødslinsplan, og gamal forskrift om gjødslingsanlegg blir oppheva.

Forskrift om lagring og bruk av gjødsel m.v.

Lovteksten i sin heilheit finn du på lovdata si nettside her Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv - Lovdata

Alle må skrive gjødseljournal frå og med 2026

Det er nytt krav frå 2026 om å føre gjødslingsjournal. Dette gjeld alle som brukar gjødselvare, også dei som gjødslar små areal, med lite gjødsel eller dei som ikkje har krav om gjødslingsplan. Journalen kan skrivast fortløpande, og må kunne leggjast fram for kontroll seinast 1. november same året.

Gjødseljournalen skal vise:

  1. kor og når det er gjødsla
  2. kva for type og mengd gjødsel som er brukt
  3. kor mykje nitrogen og fosfor som er tilført for kvart areal
  4. kor mykje nitrogen og fosfor som er brukt totalt

 

Endring i kven som må ha gjødslingsplan

Om du må ha gjødslingsplan eller ikkje, er no avhengig av kor stort areal du gjødslar. Alle som gjødslar meir enn 25 daa per år, skal ha gjødslingsplan. Dyrkar du potet eller grønsaker med sterkare fosforgjødsling enn dei generelle grensene, må du ha gjødslingsplan om arealet er større enn 5 dekar.

Grensa er knytt til kor mykje areal ein faktisk gjødslar, uavhengig av om du eventuelt disponerer større areal. Areal som berre blir tilført gjødsel frå beitande dyr blir rekna som ugjødsla i denne samanhengen. For å få fullt arealtilskot er det likevel forventa at areala vert gjødsla slik at dei gjev normal avling.

Med ny forskrift blir det no krav om gjødslingsplan òg for sauebønder som tidlegare hadde fritak grunna få dyr og ekstensiv drift. 

Sjølv om det er fritak for gjødslingsplan, til dømes om du gjødslar mindre enn 25 dekar, er det krav om gjødslingsjournal.

Krav om jordprøver

Gjødslingsplanen skal vere basert på jordprøver. Dei som må ha gjødslingsplan, må dermed òg ta jordprøver. Jordprøvene skal ikkje vere eldre enn 8 år. Sjølv om du ikkje har krav om gjødslingsplan, kan det vere behov for å ta jordprøver for å vite at gjødslinga er tilpassa behovet til vekstane og næringsinnhaldet i jorda. Jamlege jordprøver gir òg oversikt over kalkbehovet.

Ny plan eller gjenbruk av fjorårets gjødslingsplan

Hugs at gjødslingsplanen er ettårig. Planen skal vere klar før vekstsesongen tek til. 

Det er forventa full gjennomgang av gjødslinsplan når ein tek nye jordprøver. Ein må òg lage ny plan dersom det skjer vesentlege endringar.

Det kan vere aktuelt å bruke den same planen som førre år, dersom du har ei enkel driftsform, lite variasjon i arealbruken eller ekstensiv drift som gjer at gjødslingsbehovet varierer lite på dei ulike skifta frå år til år. Døme på produksjonar som moglegvis kan nytte same planen over fleire år er frukt- og bær i år med lite fornying, og einsidig grasproduksjon med mykje varig grasmark. Det er ikkje behov for søknad til kommunen for å kunne bruke same gjødslingsplanen som førre året.

Tidlegare fritak gjeld ikkje lenger

Tidlegare vedtak om fritak frå krav til gjødslingsplan eller løyve til å ha fleirårig gjødslingsplan er oppheva frå 1. januar 2026, når forskrift om gjødslingsplanlegging er oppheva.

Eventuell dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan

Du kan ikkje lenger søke til kommunen om fritak frå krav om gjødslingsplan, slik ein kunne til og med 2025. I særlege tilfelle kan du likevel søkje Statsforvaltaren om dispensasjon frå kravet. Dette kan til dømes vere aktuelt ved ekstra ekstensiv drift.  Skjema for søknad om dispensasjon frå spreiefrist finn du her

Godkjende spreieareal, spreietidspunkt og fosforgrenser

Spreietidspunkt 1. mars til 1. september. Det er ikkje tillatt å spreie gjødsel på snødekka eller forsen mark. Spreiing med nedmolding er tillatt til 1. november fram til utgangen av 2026. Nedmolding må skje innan 18 timar ved spreiing på open jord.

Det er krav om hausting eller etablering av vekst etter siste spreiing. Dette trer ikkje i kraft før utgangen av 2026.

Fosforgrenser og spreieareal

Fosforgrenser for dei neste åra er som vist i tabellen under:

Gjødsling - fosforgrenser
ÅrP/daa
2025-20263,5 kg
2027-20292,8 kg
2030-20322,5 kg
2033 og framover2,3 kg

For innmarksbeite er grensa 2 kg P/daa.

Godkjende spreieareal

Godkjende spreieareal er fulldyrka og overflatedyrka areal og godkjent innmarksbeite. Innmarksbeite må godkjennast og vere registrert og kartfesta av kommunen. Dei som har dokumentasjon med tidlegare godkjenning frå kommunen slepp normalt ny godkjenning.

Mineralgjødsel kan som ei overgangsordning bli spreidd på innmarksbeite utan godkjenning i 2025-2027 dersom gjødslingsplan for 2022 eller 2023 viser bruk av mineralgjødsel på det aktuelle beitet. I andre tilfelle må kommunen godkjenne innmarksbeitet som spreieareal før bruk av mineralgjødsel.

Vegetasjonssone

Ved spreiing på innmarksbeite skal det så att ei sone på minst 6 meter. For andre areal er kravet om vegetasjonssone 2 meter.