Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Beskriving

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Tiltaksstrategi for SMIL

Øystre Slidre kommune har utarbeidd ein tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) 2020-2023.
Dokumentet kan du lese her. (PDF, 846 kB)

Målgruppe

Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Kriterium

For at du skal få innvilga tilskottet, må du oppfylle vilkåra i forskrift om produksjons- og avløsertilskudd i jordbruket §§ 2 og 4.

Handsaming

Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innafor tiltaksstrategien til kommunen. Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Fylkesmannen.

Rettleiing

Du fyller ut eit søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet. Kommunen kan gje deg rettleiing.

Oppdatert

29.09.2017 16:20:01

Handsamingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68