Tidlegpensjon for jordbrukarar

Beskriving

Ordninga med tidlegpensjon er ein del av velferdsordningane i landbruket. Tidlegpensjon skal lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det blir utbetalt anten ein éinbrukar- eller tobrukarpensjon. Tobrukarpensjon er aktuelt i dei tilfella der også brukaren sin ektefelle/sambuar har tatt aktivt del i drifta. Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden brukaren fyller 67 år, med mindre brukaren får utbetalt andre typar pensjonar som ikkje kan kombinerast med tidlegpensjonen.

Målgruppe

Alle som driv med jordbruk, men spesielt dei som ønskjer å overlate drifta til nokon andre og trekkje seg attende.

Kriterium

  • Brukaren må vere fylt 62 år
  • Landbrukseigedommen må vere overdratt til ny eigar eller forpaktingsavtalen må vere oppsagt
  • Brukaren må ha vore gardbrukar i minst 15 år
  • Næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må ha vore minst kr 90 000 i referanseperioden som er sett til fem år
  • Minst 25 % av inntekta frå jordbruk/gartneri og skogbruk skal vere inntekt frå jordbruk/gartneri
  • Minst 67 % av samla inntekt må vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk eller brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå bruket må utgjere minst 50 % av deira samla inntekter

Ved tobrukarpensjon er det i tillegg òg krav om at

  • ektefelle/sambuar må ha fylt 57 år
  • ektefelle/sambuar må ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen i dei siste fem åra
  • brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må utgjere minst 50 % av dei samla inntektene deira
  • ektefelle/sambuar kan ikkje ha annan inntekt på meir enn kr 100 000 utanom bruket i referanseperioden

Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå inntektskrava på nokre område.

Handsaming

Kommunen kontrollerer at søknaden er riktig utfylt og at alle vedlegga er med. Søknaden blir send til landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, som gjer vedtak i saka. Landbruksdirektoratet utbetaler pensjonen kvartalsvis.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøhd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Lèt Fylkesmannen avgjerda stå, blir saka send vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

  • Utskrift som viser inntekt frå dei fem åra som inngår i referanseperioden
  • Kopi av tinglyst skøyte på at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar eller skriftleg oppseiing av forpaktingsavtalen
  • Skattekort

Oppdatert

29.09.2017 16:25:36

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68