Landbruket i Øystre Slidre

I Øystre Slidre er ca. 3 % av arealet brukt til jordbruk, mens produktiv skog utgjer ca. 13 %. Mesteparten av jordbruksarealet er lokalisert i hovuddalføret opp til 800 moh. Mellom 800 og 1200 moh er det i tillegg store beiteressursar som gjev grunnlag for omfattande stølsdrift og beitebruk.

Jordbruket i kommunen er dominert av grasbasert husdyrhald. Trenden er større og færre driftseiningar med meir leigejord. Produsert mengde mjølk og kjøt held seg relativt stabilt.

Skogen har i stor grad ein utfordrande bruksstruktur med lange smale teigar, og nærare 60 % av det produktive skogarealet er klassifisert som lågproduktiv. Verneskoggrensa fylgjer høgdekote 840 (austsida) og 860 (vestsida). I tillegg er alt nord for Mørken verneskog. Likevel blir det årleg omsett tømmer for om lag 5-6mill kroner. Aktiviteten i skogbruket fylgjer til ein viss grad etterspørselen og prisen på tømmer, samt driftstilhøve dei enkelte år.

Eit særpreg ved kommunen er omfanget av stølsdrifta. Meir enn 90% av dei rundt 60 bruka med mjølkeproduksjon driv aktiv støling. Stølsområda vert dermed ein viktig del av ressursgrunnlaget for jordbruket i kommunen. Nesten 40 sauebruk og nær 20 flokkar med ammeku brukar også stølsområda og fjellet som beiteområde. Kommunen har dessutan eit viktig geitemiljø.

Stølsdrifta og langvarig beitebruk har skapt eit unikt kulturlandskap av nasjonal verdi. Kvalitetane i desse områda gjev grunnlag for produkt med «meirverdi» og for utvikling av tilleggsnæring. For å oppretthalde kulturmiljøet i stølsområda er det avgjerande at drifta held fram. Derfor er det viktig at talet på driftseiningar i bygda blir oppretthalde, og at forvaltninga av stølsområda tek omsyn til både bruk og vern, der tidsmessig drift og miljøverdiar blir ivareteke.

Kommunen har ei sterk reiselivsutvikling. Turisme og hyttemarknaden representerer eit aukande potensial for lokale produkt og tenesteyting frå landbruket. Det er ei viktig oppgåve å finne gode løysingar for arealbruk mellom ulike interesser. For landbruket er dette mellom anna knytt til auka ferdsel og framtidig bruk av beiteressursen.

Kontaktinfo

Tone Snortheim
Tenesteleiar næring, plan og byggesak
E-post
Telefon 41 55 43 47
Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68