Vernskog

Vernskogen i Valdres ligg opp mot fjellet, så høgt at det er vanskelege foryngelsesforhold, eller så liten vekst at skogen kan bli øydelagt ved feil hogst. Vernskoggrensa i Øystre Slidre fylgjer høgdekote 840 (austsida) og 860 (vestsida). I tillegg er alt nord for Mørken vernskog.

Det er fylkeslandbruksstyret som har vedteke kva for område som har vernskogstatus og korleis skjøtselen av disse skal skje. Eit viktig prinsipp er at varmeklimaet ikkje skal forverrast ved hogstinngrep og at skogen skal behalde eit samanhengande skogbilde over tid. Det kan altså ikkje hoggast store hogstflater og rundt halvparten av den stående skogen må bli stående. Det skal også takast vare på element som kraggfuruer, turre og vridde tre og reirplassar for store rovfuglar. 

All hogst i vernskog, med unntak av hogst av ved til eige bruk, skal meldast til kommunen ved landbrukskontoret seinast 3 (tre) veker før hogsten tek til. Eit kartutsnitt som viser det aktuelle hogstområdet, skal ligge ved meldinga som skal sendast til kommunen

Meir informasjon finn du på fylkesmannen sine nettsider.

Kontaktinfo

Kjell Håvard Tuv
Leiar næring og miljø
E-post
Telefon 61 35 25 27