Kva kan du gjera?

Tenkjar du å bygga eller oppgradere hytte bør du tenka over det viktigaste spørsmålet først: Må du bygga eiga eller større hytte? Vurder alternativ; besøka dei som har, kjøpa saman eller leie når du treng. 

Er du utbygger/grunnegar som skal selja, så kan du velja å la naturen vera til framtidige generasjonar.

Om du vel å gå vidare så kan du forsøke å velja meir berekraftige løysingar på flest mogleg av desse felta:

  • Ikkje bygge i jomfruelig natur, fortett i eksisterande hytteområde
  • Ikkje bygg større hytte enn du treng – gjerne litt mindre enn du trur
  • Vurder forholdet til tomta mht. vern av myr, plante og dyreliv
  • Vel hytte nær moglegheiter for kollektivtransport
  • Auk isoleringsgrada der det er mogleg
  • Bruk miljøsertifiserte leverandørar og materiale
  • Bruk lokale materiale -  gjenbruk om mogleg
  • Vurder alternative energikjelder
  • Vurder alternative avløps-/renseløsninger
  • Få til universell utforming
  • Installer smartteknologi for styrt energiforbruk
  • Kjøp brukt og meir energieffektivt utstyr
  • Legg inn vatn i så få rom som mogleg og vel riktige materiale for redusert behov for å halda dei frostfrie

Vel eit meir berekraftig liv i fritida di.

  • Bruk tøflar og genser så toler du ei grad eller to lågare
  • Et kortreist, fang mat sjølv og ta deg tid til å laga nye matretter
  • Ta kollektiv transport til hytta om det er mogleg. Gi det eit forsøk og sjå om det går
  • Bruk beina og sykkelen når du er på hytta, la bilen stå til du skal heim
  • Reduser matavfallet, ikkje kjøp for mykje og utnytt restane
  • Forbruk mindre, kjøp mindre, ikkje bruk engangsartikler, reduser klesvask
  • Lån bort og del meir; felles verktøy og utstyr, la andre overta sportsutstyr
  • Sorter søppel og lever til gjenvinning - det er gratis å levera på miljøstasjonane

Klikk for stort bilete 

Kontaktinfo

Anni Onsager
Prosjektleiar Klima+
E-post
Mobil 934 34 111