Kvifor gjer vi det?

Øystre Slidre vil arbeida for ei berekraftig utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydelegga moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine.

FN-rapporten frå oktober 2018 viser at verda med dagens innsats ikkje vil klara å nå målet om å avgrensa oppvarminga til 1,5 grader. I tillegg viser FN-rapporten frå det internasjonale naturpanelet (mai 2019), at tap av naturmangfald akselererer og fleire artar er no truga av utrydding enn nokon gong i menneskets historie.

Øystre Slidre er ein av Noregs sterkast veksande destinasjonar med stort press på utvikling av nye hytter. Det er allereie over 4000 fritidsbustader i kommunen og veldig mange nye er under planlegging.

Øystre Slidre har derfor tatt eit modig val og vil testa lovverket for kor langt vi kan gå gjennom planarbeidet for å omstilla denne næringa.

Arbeidet med dette vil ta tid, men ha høg prioritet. Vi har mål om å motivera alle til å setja seg inn i moglegheitene, og vi håper no at alle utbyggingsprosjekt, store som små, ser nytta av å teikne ei intensjonsavtale med Klima+, slik at ein i størst mogleg grad får løysingar som fører prosjekta i ein klimapositiv retning.

Klikk for stort bilete 

Kontaktinfo

Anni Onsager
Prosjektleiar Klima+
E-post
Mobil 934 34 111