Næringsfond eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok å innføre eigedomsskatt i Øystre Slidre frå og med 2018. Eigedomsskatten gir noko større handlingsrom for kommunen og politikarane til å prioritera midlar til tiltak som kommunen ikkje er pålagd etter lov og forskrift.

Kommunestyret har lagt til grunn at om lag  60 % av eigedomsskatten skal nyttast  til tiltak som fremmer ny og etablert næringsverksemd.

Kommunestyret vedtek økonomiplan og budsjett, der m.a desse midlane er prioritert til ulike tiltak. I økonomiplanen er det ei oversikt over korleis ein ser for seg at desse midlane skal nyttast.

Kontaktinfo

Kjell Håvard Tuv
Leiar næring og miljø
E-post
Telefon 61 35 25 27