Kommunedelplan for helse og omsorg 2025 - 2028

Kommunedelplanen for helse og omsorg skal gi klare føringar for mål, prioriteringar og tiltak i sektoren og blir revidert kvar fjerde år. Planen har ein tilhøyrande handlingsdel som er eit viktig verktøy for tenestene for å lukkast med både gjennomføring og resultat. Handlingsdelen vil bli revidert kvart år av tenestene.

Grunnlag og retning

Utviklingstrekk og utfordringar er drøfta i planen og dannar grunnlaget for mål og tiltak i 
handlingsdelen. Tiltaka skal støtte opp under satsingsområda, oppfylle lovkrav og sikre fagleg 
forsvarlege og effektive tenester – med brukaren i sentrum.

Vegen vidare

For å nå måla må kommunen prioritere, samarbeide og tenke førebygging og eigenmeistring i 
alt vi gjer. Satsing på kvardagsmeistring, born og unge, pårørande og teknologi er sentralt for 
å styrke innbyggjarane si helse og meistring i kvardagen

Kommunedelplan for helse og omsorg

Kommunedelplan for helse og omsorg 2025-2028 kan du lese her (PDF, 2 MB)