Krav til reguleringsplan i Øystre Slidre

I tillegg til dei generelle krava nemnt under "Reguleringsplan - rett til å fremje forslag", har Øystre Slidre kommune spesielle krav som er tilpassa våre problemstillingar. Det typiske her er ein plan for eit hytteområde.

Samsvar med overordna plan

Arealdelen og kommunedelplanane i Øystre Slidre, med avgrensing av byggeområde og plassering av vegar og løyper, er forholdsvis detaljerte. Når det gjeld føresegnene må ein sjekke både dei spesielle føresegnene for det aktuelle området, generelle føresegner for aktuell type byggeområde, planens generelle føresegner og eventuelle hensynssoner med føresegner.

Eventuelle avvik frå plankart eller føresegner må grunngis!

Grunneigarsamarbeid

Tomtestruktur, vegar, VA og grøntstruktur blir i dei aller fleste tilfelle betre om ein kan planlegge uavhengig av eigedomsgrenser. Kommunen vil avvise ein plan dersom ein ser at planen er lite optimal. Forpliktande grunneigarsamarbeid er lettast å få til før noko konkret er planlagt. Difor rår vi til at grunneigarsamarbeid blir etablert i eit tidleg fase, og vi rår til at jordskifteretten blir nytta i dette arbeidet. Eit obligatorisk grunneigarselskap utan risiko og eit friviljug utbyggingsselskap med risiko er ei anbefalt løysing.

Eksisterande eigedomsgrenser

Vi ser ofte at uavklarte eller unøyaktige eigedomsgrenser blir kjelde til konflikt og meirarbeid. Difor krev vi at alle eigedomsgrenser innan byggeområde og samferdsleområde i planområdet skal vere oppmålte og avklara i oppmålingsforretning eller tilsvarande, før kommunen legg planen ut til offentleg ettersyn.

Tenk samanheng

Minste storleik av planområde går fram av overordna plan. Store planområde gir best struktur på vegløysingar, VA og grøntstruktur og er generelt å anbefale. Dersom grunneigarmotsetnader eller anna gjer det vanskeleg, kan kommunen ta forslag for mindre område til behandling. Føresetnaden er då at ein har sett veg- og grønstruktur i ein større samanheng enn planområdet.

VA-plan

Ein vatn- og avløps(VA) -plan er ikkje ein del av ein reguleringsplan. Men det vil i dei aller fleste samanhengar løne seg å ha tenkt gjennom dette når ein plasserer tomter og annan infrastruktur. Difor krev vi ei skisse over VA-strukturen før kommunen legg planen ut til offentleg ettersyn.

Planteknisk

Planen skal leverast inn digitalt på SOSI-format, i samsvar med siste SOSI-versjon, på UTM 32 koordinatsystem. Koding skal følgje nasjonal produktspesifikasjon for arealplan.

For vegar i hellande terreng skal ein vise skjæring og fylling. Dette treng ikkje gå fram av reguleringsplanen men skal då gå fram av planskildringa / KU.

Ved utarbeiding av planføresegner skal ein vurdere om innhaldet i føresegner frå vedtekne planar i kommunen kan brukast eller tilpassast.

Utbyggingsavtale

Kommunen krev utbyggingsavtale for å sikre kvalitet og ansvar kring infrastruktur og andre fellesgode. Kommunen utarbeider forslag til avtale.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00