Moglegheitsstudie for Heggenes og Tingvang 2020

Norconsult har fått i oppdrag å lage ei moglegheitsstudie for Heggenes og Tingvang. Arbeidet er så smått i gang. Vi vil invitere til opne møte den 12. og 13. februar.

Ei moglegheitsstudie er ei utgreiing som får fram nye idear og skildrar potensiale for eit område. Målet med denne studien er å få vurdert potensialet for utvikling i Heggenes og Tingvang og få fram konkrete tiltak for betra funksjon og trivsel.

Kommunen ynskte å nytte spisskompetanse på området og sende ut tilbodsinnhenting til nokre firma i november 2019. Norconsult gav det beste tilbodet og fekk oppdraget.

Vi håpar de er mange som møter opp på dei opne møta og bidreg til noko som kan gi konkrete resultat og kan bli viktig i økonomiplanar og kommuneplanar i mange år framover!

Dokument:

Tilbodsinnhenting november 2019 (PDF, 3 MB)

Invitasjon til opne møte (PDF, 380 kB)