Redusert foreldrebetaling

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar, §3, regulerer moderasjonsordningar. Målet med moderasjonsordningane er å innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehage, og legge til rette for at fleire får moglegheit til å nytte tilbod om barnehageplass gjennom å senke prisen for familiar med låg inntekt.

Føresette kan søke om reduksjon i foreldrebetalinga for eit barnehageår om gangen, eller ved tildeling av plass i løpet av året. 

Slik søker du om redusert foreldrebetaling

Det er to moderasjonsordninger for familier eller hushaldningar med låg inntekt:

Redusert foreldrebetaling

Jf. forskrift om foreldrebetaling i barnehagar skal kommunen tilby inntektsgradert reduksjon slik at foreldrebetalinga pr. år for ein heiltidsbarnehageplass maksimalt utgjer 6% av hushaldninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt, med den fastsatte maksimalprisen som eit øvre tak.

Frå 01.01.2023 er maksprisen kr.3 000 per. månad. Matpengar kjem i tillegg.

Frå 01.08.2024 er maksprisen kr.1 500 per. månad. Matpengar kjem i tillegg.

Inntektsgrense for redusert foreldrebetaling

Inntektsgrensa frå 01.01.2023 er kr.550 000.

Inntektsgrensa frå 01.08.2024 er kr.275 000.

Dersom hushaldninga har hatt ei samla inntekt som er lågare enn inntektsgrensa det siste året kan ein søke om redusert foreldrebetaling.

Ein kan og søke om redusert foreldrebetaling dersom det er varig nedgang i hushaldninga si inntekt inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eit barnehageår utgjer meir enn 6% av hushaldninga sine inntekter.

Gratis kjernetid for 2, 3-, 4- og 5-åringar

Det blir gitt fritak for foreldrebetaling for 20 timer per veke til alle barn frå og med 1.august i det kalenderåret dei fyller to år og fram til skulestart dersom hushaldninga si samla inntekt inntekt det siste året er lågare enn inntektsgrensa for ordninga fastasatt av Stortinget.

Ein kan og søke om gratis kjernetid dersom det er varig nedgang i hushaldninga si inntekt inneverande år som gjer at hushaldninga sine inntekter er lågare enn inntektsgrensa.

For barnehageåret 2023/2024 kan hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr. 615 590 per år søke om gratis kjernetid for barn fødd i 2018, 2019, 2020, 2021 og barn med utsett skulestart.

For barnehageåret 2024/2025 kan hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr.642 700 per år søke om gratis kjernetid for barn fødd i 2019, 2020, 2021, 2022 og barn med utsett skulestart.

Dokumentasjon av inntekt

Kommunen henter inntektsopplysningar frå skattemyndigheitane for å kunne behandle søknadar om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid med bakgrunn i låg inntekt. Søkjar kan likevel bli bedt om å dokumentere inntekt med skattemelding. 

Skattemeldinga finn ein i altinn.no , dokumentet heiter "Skattemelding 20xx som dokumentasjon", dette er ein pdf.

Dersom ei hushaldning ikkje har skatteopplysningar frå førre året, vil kommunen be søkjar om anna dokumentasjon på hushaldinga si person- og kapitalinntekter.

Dersom det blir søkt om reduksjon med bakgrunn i nedgang i inntekt frå førre år, er det søkjar som må sende inn dokumentasjon til kommunen om årsaken til nedgangen i inntekt og dokumentasjon på ny inntekt. Kommunen fortar ei vurdering på om endringa er varig.

Kven reknast som ei hushaldning?

Som ei hushaldning reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.

Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Ved delt omsorg der barn bur fast hos begge foreldre, blir foreldrebetalinga rekna ut i frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

Søknadsfrist

For barn som har fast plass i barnehagen eller skal starte i barnehagen frå hausten av, bør du søke innan 15.juni.

For søknader før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket fra første hele månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.

Dersom barnet starter midt i eit barnehageår, kan du sende inn søknad månaden før barnet starter.

Der er mogleg å søke undervegs i året dersom det skjer ei vesentleg og varig endring i hushaldninga si inntekt. Vedtak vil gjelde frå og med månaden etter søknadstidspunktet.

Vedtak

Eit vedtak gjeld som hovudregel for eit barnehageår frå og med 01.08.  Juli månad er betalingsfri.

Eit vedtak gjort midt i eit barnehageår, gjeld frå månaden etter søknad vart levert og ut barnehageåret.

Det må søkast om redusert foreldrebetaling for kvart barnehageår.

Meir om foreldrebetaling - udir.no

Informasjon om foreldrebetaling i barnehage på Udir sin nettside

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76