Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre

Beskriving

Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skulegang frå skulen si side og har same retten til å delta på foreldremøte.

Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skulegang, men berre dersom vedkomande spør skulen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skulen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.

Klage

Du kan klage til Fylkesmannen på avslag om å få informasjon. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Rettleiing

Dersom foreldra har felles foreldreansvar og du er den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan du vende deg til skulen og be om å få informasjon direkte. Skolen pliktar da å halde deg jamleg orientert om skulegangen til barnet ditt. Er du biologisk forelder, men utan foreldreansvar, har du rett på informasjon berre i dei tilfella du vender deg direkte til skulen.

Oppdatert

28.09.2017 17:17:15