Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring eller vurdering med karakter

Beskriving

Som elev kan du søkje om å få fritak frå opplæring eller fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Dette er ikkje det same.

Du kan søkje om å få fritak frå opplæring og vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom du

  • får opplæring i teiknspråk, samisk eller finsk
  • er minoritetsspråkleg og får særskild språkopplæring (det vil seie særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring)

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan du søkje dersom du

  • i løpet av tida på ungdomsskulen har fått særskild språkopplæring, men no følgjer den ordinære opplæringa i norsk
  • får spesialundervisning som omfattar skriftleg sidemål
  • har ein diagnostisert sjukdom, skade eller liknande som gir deg problem med å klare både hovudmål og sidemål 
  • ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule
  • oppfylte vilkåra for å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, men ikkje fekk fritak på grunn av ein saksbehandlingsfeil som kan dokumenterast 

Har du fått fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, skal du likevel delta i opplæringa. Du skal òg ha vurdering undervegs av læraren din. Vurderinga skal seie noko om kompetansenivået ditt i faget og kva du må gjere for å bli betre. Uansett type fritak så tyder ikkje det at du får fritak frå å lese tekster på sidemål. 

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Handsaming

Skulen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du kan bli misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til skulen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til skulen. Dersom skulen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du sender søknad om å bli friteken frå opplæring i skriftleg sidemål til rektor på den skulen du går på. Det same gjeld dersom du søkjer om fritak for vurdering med karakter.

Oppdatert

29.09.2017 16:18:37

Handsamingstid

Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.