Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Skulemiljøet

Beskriving

Både elevane, dei føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om tiltak som skal betre skulemiljøet. Skulen skal ta stilling til oppfordringa innan rimeleg tid og fatte eit skriftleg vedtak.

Skulen skal halde elevar og føresette informert om alt som er viktig for skulemiljøet. Elevar og føresette har rett til innsyn i all dokumentasjon om skulemiljøet, og dei har rett til å uttale seg.

I mobbesaker er reglene litt annleis. Sjå eiga omtale for Mobbing - mottiltak.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelp
  • Føresette

Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til skulen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Gjer ikkje skulen noko vedtak etter å ha fått tid til å vurdere saka, kan du likevel klage som om vedtaket var gjort. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Lèt skulen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Oppdatert

29.09.2017 16:17:11

Handsamingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.