Skulestart

Beskriving

Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Du kan søkje om utsett eller tidlegare skolestart for barnet ditt. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år. Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år.

Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor de skal møte og til kva tidspunkt.

Målgruppe

Føresette med born i skulepliktig alder

Kriterium

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå PPT.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Sakkunnig vurdering

Oppdatert

29.09.2017 16:17:52

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.