Søk om redusert foreldrebetaling av kulturskuleplass

Det er høve til å søke om redusert foreldrebetaling av plass i kulturskulen. Ein søker om redusert betaling for eit kulturskuleår. Fakturering skjer haust og vår.

Gradering av betaling

Betaling av plass i kulturskulen blir gradert slik:

Inntekt

  • inntil 2G (kr.222 954) friplass
  • inntil 3G (kr.334 431) 30% betaling av full pris
  • inntil 4G (kr.445 908) 60% av full pris
  • inntil 5G (kr.557 385) 80% av full pris
  • meir einn 5G ordinær pris

Dokumentasjon av inntekt

Inntekt må dokumenterast med skattemelding for siste året, skattemeldinga finn du i altinn. Dersom ei hushaldning ikkje har skatteopplysingar frå førre året, eller det er vesentleg og varig nedgang i hushaldinga si inntekt, vil kommune be søkjar om anna dokumentasjon på hushaldninga si person- og kapitalinntekt.

Kven reknast som ei hushalding?

Som ei hushalding reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.

Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Vedtak

Eit vedtak gjeld for eit kulturskuleår, haust- og vårsemester, så framt det er søkt innan fristen. Søknadar som kjem etter at faktura for haustsemeseteret er sendt ut, vil gjelde for vårsemesteret.

Det må søkast på nytt for kvart kulturskuleår.

Søknadsfrist for skuleåret 2022/23

Søknadsfrist er 1. oktober. Søknadar som kjem inn etter dette, vil bli behalda til å gjelde for vårhalvåret.

Søknadskjema

Søknadskjema finn du her

Kontaktinfo

Kari Onstad
Kultursjef / Kulturskulerektor
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 99 69 06 16