Om Øystre Slidre kulturskule

IMG_9745.jpg

 

Øystre Slidre kulturskule  er eigd og blir drive av Øystre Slidre kommune. Skulen har eigne lokaler ved auditoriet på Øsus, samt dansesal og bandrom på Tingvang samfunnshus. Gymsal og formingssal på Øsus blir brukt til halling og kunstgrupper. Gapahuken og Lydkåken blir brukt til band og samspel. Vi har og litt undervisning ute på barneskulane Lidar og Rogne.

Vi har eit godt samarbeid med dei andre kulturskulane i Valdres og nokre felles lærarar. Kulturskulen følger same skulerute som grunnskulen.

Undervisning:

Undervisninga skjer på individuelle timar og i grupper.  Det vil ofte bli gjeve tilbod om samspel fram mot forestillingar. Alle elevane får tilbod om å vere med på dei store forestillingane vår og jul, og det er i tillegg fleire små konsertar, danseoppvisningar, utstillingar og andre arrangement. Både teater, folkemusikk og strykarar har regionale samlingar som inngår i undervisningsopplegget.

Vi ynskjer at våre elevar skal oppleve meistring og ha utvikling på sitt fag. Lærarane jobbar aktivt med kvalitetsarbeid for å styrke sin kompetanse på dette feltet. Elevinvolvering, tilbakemelding og riktige mål til rett tid er viktige tema i dette arbeidet. Foreldre er viktige støttespelarar for tilrettelegging og speling/øving. Alle elevar skal få tilbod om utviklingssamtaler kvart halvår.

Det er hovedopptak av nye elevar i april, og løpande opptak dersom det er ledige plassar. Ta kontakt med rektor Kari for spørsmål på 99690616

Kulturskulen har om lag 150 elevar som får undervisning kvar veke. Vi har instrumentopplæring på tangentinstrument, slagverk, langeleik, tradisjonssong, hardingfele, fiolin, sang, torader, gitar, bass og gruppeundervisning i kunstfag, dans, teater, band og kor. Undervisninga skjer enkeltvis og i grupper, og følgjer skuleruta for grunnskulen.

Vi har eleven i fokus og arbeider både med breidde og topp. Elevane skal i opplæringa oppdage sine kunstneriske evner, lære å bruke og meistre eit instrument eller ein kunstform.

Kulturskulen er ein plass å hente fram  kunst og kulturdimensjonen i livet. Kunst og kultur skapar ei glede som menneske ikkje kan leve forutan. Det handlar om meir enn tangenten, strengen, dansesteget eller penselstrøket. Vi skapar ein prosess hjå menneske. Det å oppleve at ein meistrar noko, fører til blomstring og identitetsbygging.

Ynskjer du å spele eit instrument, i band eller korps? Vere med på revy eller synge i kor? Lære dans, teikning eller måling? Då bør du søke deg plass på kulturskulen frå hausten. Søknadsfristen er 1. april.

Kontaktinfo

Kari Onstad
Kultursjef / Kulturskulerektor
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 99 69 06 16

Adresse

  • Besøksadresse
    Tingvang - Bygdinvegen 1989
    2940 Heggenes
  • Postadresse
    Bygdinvegen 1989
    2940 Heggenes
  • Organisasjonsnummer
    961 382 068
  • Kontonummer
    2135.07.05705
  • Tilgjengelegheitserklæring (nynorsk)