Gratis SFO for 1. og 2.klassingar

Kommunen skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. og 2.trinn som har plass i SFO. Frå hausten 2024 gjeld ordninga også for 3.klassingar.

Ein søker om plass i SFO på vanleg måte, via Visma foresattportal  

Dersom det valde opphaldet per veke utgjer 12 timar og mindre er tilbodet gratis. Ved opphald på meir enn 12 timar, blir det fakturert fra time 13 og oppover med ein sats på kr.39 pr. time.