Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Søknad om byte av skulekrins

Utgangspunktet er at elevar går på si nærskule. 

Jf. opplæringslova sin § 8-1: Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til" "Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til."

Ved søknad om byte av skulekrins vil kommunen ta omsyn til følgjande forhold:

  • Ei vurdering av barnets sitt beste vil ha stor vekt. Som ein del av ei barnet si bestevurdering er barnet si stemme. Eleven skal kunne få muligheit til å gje uttrykk for si meining i saka. Denne skal med inn som ein del av den heilskapelege vurderinga av barnet sitt beste.
  • Får eleven oppfylt retten til opplæring på nærskulen?
  • Er det plass til eleven ved den skulen han/ho blir søkt inn på? Dei som bur i kretsen har fyrsteprioritet på plassar, og overføringar som kan føre til uforsvarleg elevtal i klassen blir ikkje innvilga. Dette gjeld både dersom elevtalet blir så stort at ein må dele trinnet opp i fleire klassar eller at antalet blir så lågt på nærskulen at det går for mykje ut over medelevar.
  • Om eleven har sysken som alt går på skulen i den kretsen det blir søkt om overføring til.
  • Geografisk avstand.
  • Trafikk- og sikkerheitsmessige forhold.
  • Evt. andre omsyn

Søknadstypar

Type søknad

Kontakt/info

Søknadsfrist

Handsamast av

Endring av skulekrins ved innskriving i 1. klasse

Ved innskriving

1.12 året før skulestart

Rådmann

Endring av skulekrins i løpet av grunnskuletida

På nærskulen

Ingen frist

Rådmann

Eleven ynskjer å halde fram ved skulen ut skuleåret – trass i flytting til annan skulekrins

På den tidligare nærskulen

Ingen frist

Rådmann

 

Ansvarleg for skuleskyss ut over skuleskyss til nærskulen

  • Kommunen dekker skuleskyss:
    • Dersom skulebyte omhandlar at eleven ikkje får dekt retten til opplæring på nærskulen.
    • Dersom årsaken til skulebyte omhandlar trafikk- og sikkerheitsmessige forhold 
  • Ved andre forhold dekker heimane skuleskyss.

 

Søknaden blir ikkje handsama som enkeltvedtak, og det er da ikkje klagerett på vedtaket.

Kontaktinfo

Kjersti Hedalen
Kommunalsjef
E-post
Telefon 61 35 25 52
Mobil 91 72 35 53