17.mai 2020 i Øystre Slidre

17.mai 2020 oppfordrar me til køyretog rundt omkring i Øystre Slidre. Sælshagadn gråtassforening og Skrævarokken mopedlaug stiller mannsterke, men det er også plass for andre. Pynt gjerne doningen med flagg og liknande! Det blir to ruter som går parallelt. Den nordlege har start Coop Heggenes, og den sørlege har start på Tingvang. Meld deg på til e-post marit.karlberg@oystre-slidre.kommune.no eller sms til 480 36 554, viss du vil køyre i eit av køyretoga. Skriv opp kven som er førar, og kor mange passasjerar som skal vera med. Brannbilar frå Valdres brann- og redningstjeneste køyrer fremst i toga, og nokre av dei har dekorert bilane med teikningar frå barnehagane i Øystre Slidre. Me håpar folk går ut langs rutene med flagg, song og instrument! Toga startar kl. 11.30. Resten av 17.mai-programmet ser du her. (JPG, 146 kB)