17. mai i Øystre Slidre

Øystre Slidre kommune og 17.mai-komiteen ynskjer velkomen til 17.mai feiring. 

Vi har dei siste åra jobba for å vidareutvikle 17. mai-arrangementet på Tingvang som eit triveleg og meir samlande og intimt arrangement, med amfiet som base, og med sitjeplassar både ute og inne.

Det er foreldra i 6. klasse på Lidar og Rogne skule som er ansvarlege for gjennomføring av arrangementet på Heggenes og Tingvang, i samarbeid med kommunen. Leiar i 17. mai-komiteen er Kjetil Prestrud.