28 søknadar på til saman 12,5 mill. kr. i tilskot frå næringsfondet

Då søknadsfristen gjekk ut hadde kommunen motteke i alt 28 søknadar frå ulike bedrifter og organisasjonar. Samla er det søkt om tilskot på meir einn 12,5 mill. kr. frå næringsfondet kommunen oppretta av Covid-19 midlane løyvd av Fylkeskommunen.

Øystre Slidre fekk i sommar tildelt 2.4 mill kr., nest høgast av kommunane i Innlandet, til oppretting av eit næringsfond. Grunngjevinga for den høge løyvinga var at kommunar, der reiselivet har spesielt stort omfang, vart hardast ramma av nedstenginga. Næringsfondet skal nyttast til prosjekt og tiltak som raskt kan bidra  til ny aktivitet og nye arbeidsplassar. Om ein legg til grunn regelverket om eit maksimalt tilskot på 50% betyr det at ein her har ønsker om å investere meir enn 25 mill. kroner for å få større fart i næringslivet.

Det er eit breitt spenn i formåla, frå tiltak som understøtter internasjonal eksportsatsing og bedriftsetableringar, til prosjekter som legg til rette for ulike aktivitetar som skal tiltrekke seg fleire gjester i reiselivsnæringa.

Kommunen er særs nøgd, både med talet og kvaliteten på søknadane, og dei satsingane mange av prosjekta legg opp til. Det blir eit interessant, men krevjande arbeid for kommunen å sondere mellom dei ulike søknadane, både ut i frå den nasjonale forskrifta og ut frå det potensialet ein meiner dei ulike søknandane har til å nå målet om større aktivitet i næringslivet. Trass store utfordringar gjennom 2020, syner dei mange søknadane at det framleis er stor vilje, optimisme og framtidstru i kommunen sitt næringsliv.