Aktivitetsdag på Helsetunet

Tysdag 16.september kl. 10.00 - 14.30 arrangerer vi aktivitetsdag. Velkommen til ein triveleg og variert dag med fokus på deltaking, glede og meistring på Øystre Slidre Helsetun.

Uteområdet ved Helsetunet  - Klikk for stort bileteUteområdet ved Helsetunet Øystre Slidre kommune

Mellom kl.10.00 og 11.30 vil det vere ei aktivitetsløype rundt Helsetunet. Det er berre å møte opp når de er klare i dette tidspunktet. Ein må ikkje gå innom alle postane, ta dei postane du sjølv ønskjer.

I kantina blir det sal av m.a. kaffe og vaffel. Under bingoen er det utdeling av premiar, dagen avluttast med musikkinnslag.

Program for dagen

kl.10.00 - 11.30 Aktivitetsløype med start ved hovudinngangen

kl.11.30 - 13.00 Cafè i Moastogo

kl.13.00 - 13.45 Bingo i Moastogo

Avslutning med musikalsk innslag i Moastogo

Treng du følgje i løpya?

10.klasse frå ØSUS stiller opp som ledsagere. Du er velkommen til å ta med pårørande eller ein venn.

Alle er hjarteleg velkomne! Ingen er for gamle eller unge - ta gjerne med deg nokon som kan ha glede av dagen!

Kartpunkt