Amfiet på Tingvang er klart

Amfi3 - Klikk for stort bilete Laurdag 1. september fekk Øystre Slidre kommune overrekt ein sjekk frå Sparebankstiftelsen på kr.400 000.- til amfi ved Ungdomens kulturhus Gapahuken. Onsdag denne veka vart amfiet ferdigstilt.

Amfi1 - Klikk for stort bilete Amfiet går inn i Tingvang kulturarena, og er bygd i stein med om lag 300 sitteplassar. Amfiet vil bli brukt til konsertar og i andre kulturelle samanhengar, i kombinasjon med mobilscene eller støypt scenedekke på bakkenivå. Det øvrige området kring Gapahuken vil bli ferdigstilt våren/sumaren 2019.

Kommunen ynskjer på vegne av innbyggjarane å takke Sparebankstiftelsen i Øystre Slidre for stønaden, som vart gjeve som ei gåve til bygdefolket i samband med banken sitt 150-års jubileum. Me vil og takke Fagernes Anlegg for ein raskt og godt utført jobb. Amfiet er teikna av Hans Kristian Syversen.