Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Anbod gravearbeid Øystre Slidre helsetun

Tilbod på utføring av gravearbeid på Øystre Slidre helsetun vart utlyst med frist for innlevering måndag 14. mai kl 1300. Opning av tilboda vart gjort straks etter utløpet av fristen.

Sju entreprenørar henta papir, fire var på befaringa, og ein entreprenør la inn tilbod. Tilbodet kan lastast ned her. (PDF, 294 kB)

Beløpet er innanfor dei rammene vi jobbar med. Dette skal nå kontrollreknast før kontraktinngåing.