Årsbudsjett for 2024 og økonomiplan for 2024-27

Kommunestyret vedtok den 14. desember (sak 92/23) årsbudsjett for 2024 (inkl. gebyrliste/betalingshefte), og økonomiplan for 2024-2027.

Budsjettet vart som lagt ut til offentleg høyring, med enkelte endringar jf. protokollen frå kommunestyremøtet.

Det vart i kommunestyret lagt inn kr 300` i leiarressurs Rogne barnehage (2024-2027) og kr 200` til undervisningsmateriell til skulene og kulturskule i 2024. Dette vart finansiert frå formannskapets eigen budsjettpost, samt 130` frå planarbeid fleirbrukshall.

Budsjettet er også oppdatert med nye opplysingar/tillegg til saka for oppgradering av bustad i Bygdinvegen 2175, samt enkelte mindre rettingar etter at budsjettet vart lagt på høyring. Endringane påverka ikkje bruken av fond el.l.

Frå forordet:

Den økonomiske situasjonen for kommunen er krevjande. Grunnen til det er at utgiftene til kommunen dei siste åra har vore aukande, bl.a. ved sterk lønsvekst som følgje av fleire tilsette, og auka kapitalkostnader etter investeringar. Auken i overføringane frå staten dekker ikkje dei auka kostnadene. 

Kommunestyret legg vekt på god og føreseieleg økonomisk ramme for tenestene i kommunen, og valde å ikkje kutte i tenestene i 2023 for å balansere budsjettet. Kommunestyret valde i staden å bruke oppsparde midlar (fond), for å dekke dei auka kostnadene.  

Utgiftsnivået er ikkje redusert i løpet av det siste året, og underdekninga er i utgangspunktet den same. For å balansere driftsbudsjettet 2024-2027, er det difor lagd inn ein auke i eigedomskattinntektene frå 2024, ved at skattesatsen aukar frå 3 til 4 promille. Det er også gjort reduksjonar i enkelte tenester. Elles er det brukt ein del oppsparte midlar. Kommunestyret ønskjer heller ikkje i 2024 å kutte i tenestene, men det ligg ein plan for redusert kostnadsnivå i 2025-2027.  I økonomiplanen for 2024-2027 er det prioritert auka ressursar for å arbeide aktivt med tiltak for å redusere sjukefråvær /auke arbeidsnærvær, som er eit av “10 på topp”- punkta. 

Bruken av oppsparte midlar i økonomiplanperioden tærer sterkt på reservane til kommunen. Kommunen må slik den økonomiske situasjonen no er ha eit forsiktig investeringsnivå i generaløkonomien ein god stund til, og redusere kostnadsnivået i drifta frå 2025. 

Du finn ein elektronisk versjon av økonomiplan/årsbudsjett her

Lenke til kommunestyresaka med vedlegg finn du her.

Kontaktinfo

Elin Dokken Myhre
Økonomisjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 45 21 19 72