Avduking av kunstverk på ØSUS

Tysdag 16.06 var det avduking av kunstverk på ØSUS. Dette flotte prosjektet har vi fått til fordi vi fekk Kriblemiddel frå Oppland fylke.

Kriblemiddel har som mål å gje skule og profesjonelle kunstnarar/utøvarar mogelegheit til å gjennomføre ekstraordinære kunst- eller kulturprosjekt etter eige ynskje og initiativ.

Smed Knut Olav Dokken har vore med 8 utvalgte elevar. Dei fekk vere med han i smia 8 heile skuledagar. Dei hadde laga mykje fint, noko av det vart utstilt. Alle hadde i tillegg vore med på det store kunstverket som no heng på veggen på skulen. Der er det mykje symbolikk til fri tolkning. Noko som umiskjenneleg liknar på Bitihorn, blanda saman med hjartar og andre uttrykk i stål, jern og skifer.Etter kvart vil kunstverket bli syssett.

Bildet syner elevane som har vore med