Avslutning for Bjørn Eide

Onsdag 22. juni vart det markert at Bjørn Eide troppar av som kommunefysioterapeut i Øystre Slidre. 

Han har hatt rolle som kommunefysioterapeut i perioda 1. juli 1984 til 1. juli 2022 - nøyaktig 38 år. I denne tida har han fulgt opp klientar i opp til tre generasjonar.

Øystre Slidre kommune takkar så mykje for innsatsen og ynskjer Bjørn lukke til vidare.

Frå og med 1. juli 2022 vil han fortsetja å arbeide som fysioterapeut med driftsavtale eit par dagar i veka. Bjørn har sidan februar 2022 hatt tett samarbeid og overføring av arbeid med born og unge saman med fysioterapeut Ingrid Øihaugen. Ingrid tek over rolla hans som kommunefysioterapeut med hovedansvaret for born og unge i kommuna.