Bruksendring fritidsbustad

Kommuna behandlar ikkje spørsmål knytt til straumstøtte, men du kan søkje om bruksendring frå fritidsbustad til bustad.

I vedtaket frå kommunestyret står det at det ikkje er naudsynt med endring i matrikkelen når ein ynskjer bruksendring på fritidsbustaden sin.

Kort tid etter vedtaket, vart det kjent for oss, at straumstøtte berre kan gis til eigedom som i matrikkelen er registrert som bustad. Det betyr at ein for å få straumstøytte lyt bruksendre fritidsbustaden sin til bustad. Gjennom ein dispensasjonssøknad til kommuna, kan det vere mogleg å få slik bruksendring.

Vilkår for å få innvilga bruksendring:

Kommuna behadlar ikke spørsmål knytt til straumstøtte, men du kan søkje om bruksendring frå fritidsbustad til bustad. Får å kunne imøtekoma krava frå NVE jmfr straumstøtte, må matrikkelen endrast i forbindelse med bruksendring frå fritidsbustad til bustad.

Søknaden må inneholde kort beskriving av fritidsbustaden sin standard sett opp mot TEK 17. Vidare må fritidsbustaden oppfylle krava vedteke i kommunestyremøte.

Kommuna kan gi dispensasjon frå føremålet fritidsbustetnad tilbustad, når følgjande kriteritun er til stades:

  • Bygningen må ha ein standard og tilgjengeligheit som gjer den eigna til fast bustad
  • Bygningen må ha innlagt straum og vere tilknytt offentleg vatn og avlaup, eller på andre måtar ha tilfredsstillande VA-anlegg
  • Eigedomen må ha tilkomst til veg med god standart og heilårs vedlikehald, slik at naudetatar, helsetenestar, renovasjons- og slamtøyming har god tilkomst til eigedomen
  • Eigedomen må ha nærleik til veg for skuleskyss

Gebyr

Saksbehandlingsgebyr er p.t satt til kr.2 000 per sak.

Vilkår

Vilkår for å innvilge dispensasjonen er at eigar av eigedomen sjølv må ha bustadadresse og bu på eigedomen i minimum tre år. Dispensasjonen kan gjelde så lenge eigar av eigedomen har bustadadresse, og bur der, eller til kommuna opphevar dispensasjonen. For leiligheiter i sameiger der ein har eitt bygningsnummer med fleire leiligheiter, vil det ikkje vere mogleg å endre på ein seksjon utan å endre samtlege. I sameiger der kvar eining er ein seksjon, vil det vere mogleg å gjere endringer for kvar einskild seksjon, utan å endre for heile sameiget.

Søknad

Om du ønskjer bruksendring kan du sende søknad i e-post til post@oystre-slidre .kommune.no eller per post til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.

Kontaktinfo

Kjetil Pedersen Mo
Ingeniør
E-post
Telefon 48 11 20 16