Bustadtomter i HERANGLIE bustadfelt

Øystre Slidre kommune er glade for å kunne tilby sal av kommunale bustadtomter i det nyetablerte bustadfeltet Heranglie.  Arbeidet med tilrettelegging av infrastruktur er i gang, og feltet skal vere byggeklart frå seinsumaren/hausten 2023.

Tomt i Heranglie - Klikk for stort bilete Øystre Slidre kommune

Namnet Heranglie kjem frå ”Herang” - det opprinnelege namnet til Heggefjorden, medan bustadfeltet ligg oppi lia mot Haughøvdhøvda, mellom Heggenes og Tingvang.

Feltet består av 31 tomter, der 27 av desse vert lagt ut på marknaden som sjølveigartomter for einebustadar.  Nokre av dei andre tomtene er tenkt for fleirbustadar, eller leilegheitsbygg.

Feltet ligg solrikt til, med flott utsyn utover Heggefjorden mot Slettefjell. I bakkant av feltet vil det bli etablert eit friområde med nærmiljøanlegg. Her finn ein og umiddelbar tilgang til eit flott stinett mot Haughøvdhøvda, Tingvang og Løkjisskogen, og langs Vinda mot Heggebø og Vindin.

Bustadfeltet vert etablert med kommunalt vatn- og avlaup, fiber og straum til tomtegrensa. Vegane i feltet vert kommunale og utstyrt med gatelys,  der kommunen har ansvar for vedlikehald og brøyting. Det vert også oppretta gangveg frå feltet med gatelys gjennom skogen til Tingvang.

Prospekt

Kommunen har utarbeid prospekt for budtadområdet, prospektet kan du sjå her. (PDF, 17 MB)

Ønskjer du tomt i Heranglie?

Interesserte melder seg til kommunen innan 20.februar. Dersom fleire er interessert i same tomta innan fristen, vil kommunen fordele tomta ved loddtrekking. Etter 20.februar vert tomtene selde etter kvart som nokon ber om å få kjøpt ei tomt.

Kontakt

Ved interesse for kjøp av tomt i Heranglie, kan du kontakte kommunen på tlf. 613 52 500 eller post@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00