Datakurs for eldre - Digihjelpen, hausten 2020 - blir utsett

Kurset for å styrke digital kompetanse for eldre, Digihjelpen, var planlagt gjennomført for andre gong no i haust. Kurset er avhengig av tett kontakt mellom instruktør og deltakarar. Vi finn det difor vanskeleg å få gjennomført kurset på ein god måte innafor dei smittevernreglane som gjeld og utsett gjennomføring til etter jul og tek ei ny vurdering knytt til smittevern då.

Informasjon om kursopplegget:

Datamaskin, mobil og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester and andre tenester i det daglege. Teknologien utviklar seg raskt, men finn du fram?

Kurset er for deg som har telefon, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir om korleis du kan nytte desse. Det vil bli arrangert eit oppstartsmøte der veiledarane informerer om kursopplegget. Det vil bli gjennomført kurs på ulike nivå og tema.

Aktuelle temar er:

  • Bli kjend med utstyret; mobil, nettbrett, pc
  • Praktisk bruk av internett og e-post
  • Tilgang til offentlege tenester, logg inn med BankID/Min ID
  • Altinn/Digipost
  • Sosiale medier; Facebook, Instagram, Skype
  • Elektroniske møter, Teams

Veiledarane på kurset vil vere frivilige som ønskjer å bidra med den kunnskapen dei har. Kursinnhaldet vil så langt råd bli tilpasse den enkelte sitt behov.

Dato for oppstartsmøtet vil bli annonsert på eit seinare tidspunkt i avisa Valdres og på kommunen si heimeside.